Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 2:26-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Slik tjuven skjemmest når han blir teken,skal israelittane skjemmast,kongar og leiarar,prestar og profetar.

27. Dei seier til treet: «Du er far min»og til steinen: «Du har fødd meg.»Dei snur ryggen til meg og ikkje andletet.Men når ulukka kjem, seier dei:«Reis deg og hjelp oss!»

28. Kvar er gudane dine som du laga deg?Dei får reisa seg og hjelpa deg når ulukka kjem!For du har like mange gudarsom du har byar, Juda.

29. Kvifor ligg de i strid med meg?Alle har de gjort opprør mot meg,seier Herren.

30. Til fånyttes slo eg sønene dykkar,dei lét seg ikkje oppdra.Som ei herjande løveåt sverdet dykkar profetane.

31. De som lever i denne tida,sjå Herrens ord!Har eg vore ein ørken for Israeleller eit mørkt land?Kvifor seier folket mitt: «Vi spring dit vi vil,vi kjem aldri meir til deg»?

Les hele kapitlet Jeremia 2