Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 2:19-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Din eigen vondskap straffar deg,ditt fråfall går i rette med deg.Skjøn og sjå kor vondt og bittert det erat du har forlate Herren din Gudog ikkje fryktar meg,seier Herren, allhærs Gud.

20. Frå gammalt av har du brote åketog slite sund lenkjene dine.Du sa: «Eg vil ikkje tena.»På kvar høg haugog under kvart frodig trela du deg ned og dreiv hor.

21. Eg planta deg som den finaste vin,ein ekte stikling.Korleis kunne du bli gjord omtil villskot av framand vinstokk?

22. Om du vaskar deg med lutog sløser med såpe,er di skuld like skiten for meg,seier Herren Gud.

23. Korleis kan du seia:«Eg har ikkje vorte urein,eg har ikkje følgt Baal-gudane»?Sjå kvar du gjekk nede i dalen,og skjøn kva du har gjort!Ei rask kamelhoppesom renner hit og dit,

24. eit villeselsom kjenner ørkenenog snappar etter pusten i brunst.Kven kan halda henne att?Dei som leitar etter henne,slit seg ikkje ut,i paringstida finn dei henne lett.

25. Gå ikkje berrføtt,spar strupen din for tørste!Men du seier: «Det nyttar ikkje.Eg elskar dei framande,eg vil gå etter dei.»

Les hele kapitlet Jeremia 2