Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 2:11-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Har noko folkeslag bytt ut gudane sine,endå dei ikkje er gudar?Men mitt folk har bytt ut si æremed det som ikkje kan hjelpa.

12. Himmel, bli skremdog skjelv av skrekk over dette,seier Herren.

13. For to vonde ting har folket mitt gjort:Dei har gått bort frå meg,kjelda med levande vatn,og hogge seg brønnar,sprokne brønnar som ikkje held vatn.

14. Er Israel ein slavesom er fødd i huset?Kvifor har han vorte eit bytte?

15. Unge løver brølteog knurra mot han.Dei gjorde landet hans til øydemark,byane vart brendeså ingen kan bu der.

16. Ja, menn frå Nof og Tahpanheshar skamklipt skallen din.

17. Dette har du sjølv ført over deg,for du gjekk bort frå Herren din Gudden tid han førte deg på vegen.

18. Og no, kvifor tek du vegen til Egyptfor å drikka vatn frå Nilen,og kvifor tek du vegen til Assurfor å drikka vatn frå Eufrat?

19. Din eigen vondskap straffar deg,ditt fråfall går i rette med deg.Skjøn og sjå kor vondt og bittert det erat du har forlate Herren din Gudog ikkje fryktar meg,seier Herren, allhærs Gud.

20. Frå gammalt av har du brote åketog slite sund lenkjene dine.Du sa: «Eg vil ikkje tena.»På kvar høg haugog under kvart frodig trela du deg ned og dreiv hor.

21. Eg planta deg som den finaste vin,ein ekte stikling.Korleis kunne du bli gjord omtil villskot av framand vinstokk?

22. Om du vaskar deg med lutog sløser med såpe,er di skuld like skiten for meg,seier Herren Gud.

23. Korleis kan du seia:«Eg har ikkje vorte urein,eg har ikkje følgt Baal-gudane»?Sjå kvar du gjekk nede i dalen,og skjøn kva du har gjort!Ei rask kamelhoppesom renner hit og dit,

24. eit villeselsom kjenner ørkenenog snappar etter pusten i brunst.Kven kan halda henne att?Dei som leitar etter henne,slit seg ikkje ut,i paringstida finn dei henne lett.

Les hele kapitlet Jeremia 2