Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 2:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herrens ord kom til meg:

2. Gå og rop i øyra på Jerusalem:Så seier Herren:Eg hugsar din ungdoms truskap,din kjærleik som brur,då du følgde meg i ørkenen,i eit land der ingen kan så.

3. Israel var heilagt for Herren,førstegrøda av hans avling.Alle som ville øyda Israel, måtte bøta,ulukke kom over dei,seier Herren.

4. Høyr Herrens ord, Jakobs husog alle slekter i Israels hus!

5. Så seier Herren:Kva gale fann fedrane dykkar hos megsidan dei gjekk bort frå meg,følgde tomme gudarog sjølve vart tomme?

6. Dei sa ikkje: «Kvar er Herrensom førte oss opp frå Egyptog leidde oss gjennom ørkenen,eit land med stepper og kløfter,eit land med tørke og dødsskugge,eit land der ingen ferdastog ikkje eit menneske bur?»

7. Eg førte dykk til eit land med frukthagarså de kunne eta frukta og grøda.Men då de kom inn,gjorde de landet mitt ureintog eigedomen min avskyeleg.

8. Prestane spurde ikkje: «Kvar er Herren?»Dei lovkunnige kjende meg ikkje,gjetarane sette seg opp mot meg,profetane profeterte ved Baalog følgde dei som ikkje kan hjelpa.

9. Difor skal eg framleisføra sak mot dykk,seier Herren,og føra sak mot barneborna dykkar.

10. Far over til kittearkystane og sjå,send bod til Kedar og røk vel etter,sjå om noko slikt har hendt!

11. Har noko folkeslag bytt ut gudane sine,endå dei ikkje er gudar?Men mitt folk har bytt ut si æremed det som ikkje kan hjelpa.

12. Himmel, bli skremdog skjelv av skrekk over dette,seier Herren.

13. For to vonde ting har folket mitt gjort:Dei har gått bort frå meg,kjelda med levande vatn,og hogge seg brønnar,sprokne brønnar som ikkje held vatn.

14. Er Israel ein slavesom er fødd i huset?Kvifor har han vorte eit bytte?

Les hele kapitlet Jeremia 2