Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 19:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette sa Herren: Gå til pottemakaren og kjøp ei leirkrukke! Ta med deg nokre av dei eldste frå folket og frå prestane

2. og gå ut i Ben-Hinnom-dalen, ved inngangen til Potteskarporten, der skal du ropa ut dei orda eg talar til deg.

3. Du skal seia: Høyr Herrens ord, de kongar i Juda og de som bur i Jerusalem! Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Sjå, eg fører ei ulukke over denne staden som skal få det til å ringja for øyra på alle som høyrer om det.

4. For dei forlét meg og krenkte denne staden. Dei tende offereld her for andre gudar som korkje dei eller fedrane eller Judas kongar kjende. Dei fylte denne staden med blod frå uskuldige.

5. Dei bygde offerhaugar for Baal for å brenna borna sine i elden som brennoffer for Baal. Det har eg ikkje pålagt dei og ikkje sagt til dei, det har aldri vore i mine tankar.

6. Difor, sjå, dagar skal koma, seier Herren, då denne staden ikkje lenger skal kallast Tofet og Ben-Hinnom-dalen, men Drapsdalen.

7. På denne staden slår eg sund Judas og Jerusalems planar. Eg lèt dei falla for sverdet til fienden og i hendene på dei som står dei etter livet. Og eg gjev lika deira til føde for fuglane under himmelen og for dyra på marka.

8. Eg legg denne byen aud og gjer han til spott. Alle som går forbi, skal bli forfærde og plystra hånleg over såra han har fått.

9. Eg lèt dei eta kjøtet av sine eigne søner og døtrer, den eine skal eta kjøtet av den andre. Slik trengsle og naud skal fiendane deira og dei som står dei etter livet, føra over dei.

Les hele kapitlet Jeremia 19