Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 18:8-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, angrar eg på det vonde eg hadde tenkt å gjera mot det.

9. Stundom lovar eg eit folkeslag eller eit rike at eg vil byggja og planta.

10. Men gjer dei då det som vondt er i mine auge, og ikkje høyrer på mi røyst, angrar eg på det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei.

11. Og no, sei til mennene i Juda og til dei som bur i Jerusalem: Så seier Herren: Sjå, eg formar til ei ulukke og tenkjer ut ein plan mot dykk. Vend om, kvar frå sin vonde veg! Gjer vegane og gjerningane dykkar gode!

12. Men dei skal svara: «Det nyttar ikkje. Vi vil følgja våre eigne planar, kvar og ein av oss vil gjera etter sitt vonde og eigenrådige hjarte.»

13. Difor seier Herren:Spør mellom folkeslaga:Kven har høyrt noko slikt?Grufulle ting har jomfru Israel gjort.

14. Forsvinn vel snøen på Libanonfrå høge berget?Kan det kalde, rennande vatnetfrå framandt land tørka ut?

15. Men folket mitt har gløymt meg.Dei tenner offereld til inga nytte.Dei snublar på vegane sine,i dei gamle spora,og følgjer stigar der ingen veg er bygd.

16. Slik legg dei landet sitt audtog gjer det til evig spott.Alle som går forbi,skal bli forfærde og rista på hovudet.

17. Som ein austavind spreier eg deiframfor fienden.Med nakken og ikkje med andletet skal eg sjå på deipå ulukkedagen deira.

Les hele kapitlet Jeremia 18