Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 18:5-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Då kom Herrens ord til meg:

6. Israels hus, kan ikkje eg gjera med dykk slik denne pottemakaren gjer med leira? seier Herren. Sjå, som leira i pottemakarens hand, slik er de i mi hand, Israels hus.

7. Stundom trugar eg eit folkeslag eller eit rike med å rykkja opp og riva ned og øydeleggja.

8. Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, angrar eg på det vonde eg hadde tenkt å gjera mot det.

9. Stundom lovar eg eit folkeslag eller eit rike at eg vil byggja og planta.

10. Men gjer dei då det som vondt er i mine auge, og ikkje høyrer på mi røyst, angrar eg på det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei.

11. Og no, sei til mennene i Juda og til dei som bur i Jerusalem: Så seier Herren: Sjå, eg formar til ei ulukke og tenkjer ut ein plan mot dykk. Vend om, kvar frå sin vonde veg! Gjer vegane og gjerningane dykkar gode!

12. Men dei skal svara: «Det nyttar ikkje. Vi vil følgja våre eigne planar, kvar og ein av oss vil gjera etter sitt vonde og eigenrådige hjarte.»

13. Difor seier Herren:Spør mellom folkeslaga:Kven har høyrt noko slikt?Grufulle ting har jomfru Israel gjort.

14. Forsvinn vel snøen på Libanonfrå høge berget?Kan det kalde, rennande vatnetfrå framandt land tørka ut?

Les hele kapitlet Jeremia 18