Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 18:18-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Dei sa: «Kom, lat oss leggja planar mot Jeremia.For det skal ikkje mangla rettleiing hos presten,råd hos den vise eller ord hos profeten.Kom, lat oss slå han med tunga,vi vil ikkje høyra på alt han seier.»

19. Herre, høyr på meg!Høyr kva motstandarane mine seier!

20. Skal ein løna godt med vondt?Dei har grave ei grav for meg!Hugs at eg stod for ditt andletfor å tala deira sakog venda harmen din bort frå dei.

21. Difor, overgjev borna deira til svolten,gjev dei til sverdet!Lat kvinnene bli barnlause og enkjer,lat mennene råkast av døden,unggutane deira falla for sverd i krigen.

22. Lat det høyrast skrik i husa deiranår du brått lèt røvarar koma over dei.For dei grov ei grav til å fanga megog sette løynde snarer for føtene mine.

23. Men du, Herre, kjenneralle planane deira om å drepa meg.Ta ikkje bort deira skuldog utslett ikkje deira synd for ditt andlet,men lat dei falla og liggja der!Grip inn mot dei den tid du er vreid!

Les hele kapitlet Jeremia 18