Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 18:11-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Og no, sei til mennene i Juda og til dei som bur i Jerusalem: Så seier Herren: Sjå, eg formar til ei ulukke og tenkjer ut ein plan mot dykk. Vend om, kvar frå sin vonde veg! Gjer vegane og gjerningane dykkar gode!

12. Men dei skal svara: «Det nyttar ikkje. Vi vil følgja våre eigne planar, kvar og ein av oss vil gjera etter sitt vonde og eigenrådige hjarte.»

13. Difor seier Herren:Spør mellom folkeslaga:Kven har høyrt noko slikt?Grufulle ting har jomfru Israel gjort.

14. Forsvinn vel snøen på Libanonfrå høge berget?Kan det kalde, rennande vatnetfrå framandt land tørka ut?

15. Men folket mitt har gløymt meg.Dei tenner offereld til inga nytte.Dei snublar på vegane sine,i dei gamle spora,og følgjer stigar der ingen veg er bygd.

16. Slik legg dei landet sitt audtog gjer det til evig spott.Alle som går forbi,skal bli forfærde og rista på hovudet.

17. Som ein austavind spreier eg deiframfor fienden.Med nakken og ikkje med andletet skal eg sjå på deipå ulukkedagen deira.

18. Dei sa: «Kom, lat oss leggja planar mot Jeremia.For det skal ikkje mangla rettleiing hos presten,råd hos den vise eller ord hos profeten.Kom, lat oss slå han med tunga,vi vil ikkje høyra på alt han seier.»

19. Herre, høyr på meg!Høyr kva motstandarane mine seier!

20. Skal ein løna godt med vondt?Dei har grave ei grav for meg!Hugs at eg stod for ditt andletfor å tala deira sakog venda harmen din bort frå dei.

21. Difor, overgjev borna deira til svolten,gjev dei til sverdet!Lat kvinnene bli barnlause og enkjer,lat mennene råkast av døden,unggutane deira falla for sverd i krigen.

22. Lat det høyrast skrik i husa deiranår du brått lèt røvarar koma over dei.For dei grov ei grav til å fanga megog sette løynde snarer for føtene mine.

Les hele kapitlet Jeremia 18