Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 17:9-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Hjartet er meir svikefullt enn noko anna,det kan ikkje lækjast.Kven kan skjøna det?

10. Eg, Herren, er densom granskar hjarte og prøver nyrer.Eg løner kvar mann etter hans ferd,etter frukta av hans gjerningar

11. Ei rapphøne som ligg på eggho ikkje sjølv har vorpe,er den som skaffar seg rikdom med urett.Midt i livet må han gå frå hanog står der til sist som ein narr.

12. Ei herleg trone,opphøgd frå den første tid,er staden der vår heilagdom står.

13. Herre, du Israels von,alle som forlèt deg, skal bli til skamme,dei i landet som vender seg frå deg,skal skrivast opp.For dei har forlate Herren,kjelda med levande vatn.

14. Læk meg, Herre, så blir eg lækt,frels meg du, så blir eg frelst.For du er min lovsong.

15. Sjå, dei seier til meg:«Kvar er Herrens ord?Lat det koma!»

16. Men eg har ikkje trygla deg omå senda noko vondt,eg har ikkje lengta etter ein ulukkedag.Du veit kva leppene mine har sagt,det er rett framfor deg.

17. Bli ikkje til redsle for meg!Du er mi tilflukt når ulukka kjem.

18. Lat forfølgjarane bli til skammeog ikkje eg.Lat dei bli slegne av redsleog ikkje eg!Lat ein ulukkedag koma over dei,knus dei dobbelt!

19. Dette sa Herren til meg: Gå og stå i Folkeporten, der Judas kongar går inn og ut, og i alle portane i Jerusalem,

20. og sei til dei: Høyr Herrens ord, de Juda-kongar, heile Juda og alle som bur i Jerusalem, de som går inn gjennom desse portane.

21. Så seier Herren: Så sant de har livet kjært, akta dykk for å bera noka bør på sabbatsdagen og koma inn gjennom Jerusalems portar med henne.

22. De må ikkje bera noko ut or husa dykkar på sabbatsdagen og ikkje gjera noko arbeid. De skal halda sabbatsdagen heilag, slik eg baud fedrane dykkar.

23. Men dei høyrde ikkje og vende ikkje øyret til, dei gjorde nakken stiv og lydde ikkje og tok ikkje imot formaning.

24. Dersom de høyrer på meg, seier Herren, og ikkje ber noka bør inn gjennom portane i denne byen på sabbatsdagen, men held sabbatsdagen heilag og ikkje gjer noko arbeid,

25. då skal kongar og fyrstar som sit på Davids trone, og som køyrer med hestar og vogner, få koma inn gjennom portane i denne byen, både dei og stormennene deira, mennene i Juda og dei som bur i Jerusalem. Denne byen skal stå til evig tid.

26. Då skal dei koma frå byane i Juda og landet kring Jerusalem, frå Benjamin-landet, låglandet, fjellandet og Negev for å bera fram brennoffer, slaktoffer, grødeoffer og røykjelse og koma med takkoffer til Herrens hus.

Les hele kapitlet Jeremia 17