Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 17:6-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Han blir lik ein busk i øydemarka,han får ikkje sjå det gode koma,han held til i ein ørken av stein,i det salte landet der ingen bur.

7. Velsigna er den mannsom stolar på Herrenog set si lit til han.

8. Han er lik eit tresom er planta attmed vatnog strekkjer røtene mot bekken.Det fryktar ikkje når heten kjem,lauvet er grønt.Det engstar seg ikkje i tørketiderog held ikkje opp med å bera frukt.

9. Hjartet er meir svikefullt enn noko anna,det kan ikkje lækjast.Kven kan skjøna det?

10. Eg, Herren, er densom granskar hjarte og prøver nyrer.Eg løner kvar mann etter hans ferd,etter frukta av hans gjerningar

11. Ei rapphøne som ligg på eggho ikkje sjølv har vorpe,er den som skaffar seg rikdom med urett.Midt i livet må han gå frå hanog står der til sist som ein narr.

12. Ei herleg trone,opphøgd frå den første tid,er staden der vår heilagdom står.

13. Herre, du Israels von,alle som forlèt deg, skal bli til skamme,dei i landet som vender seg frå deg,skal skrivast opp.For dei har forlate Herren,kjelda med levande vatn.

14. Læk meg, Herre, så blir eg lækt,frels meg du, så blir eg frelst.For du er min lovsong.

15. Sjå, dei seier til meg:«Kvar er Herrens ord?Lat det koma!»

16. Men eg har ikkje trygla deg omå senda noko vondt,eg har ikkje lengta etter ein ulukkedag.Du veit kva leppene mine har sagt,det er rett framfor deg.

17. Bli ikkje til redsle for meg!Du er mi tilflukt når ulukka kjem.

18. Lat forfølgjarane bli til skammeog ikkje eg.Lat dei bli slegne av redsleog ikkje eg!Lat ein ulukkedag koma over dei,knus dei dobbelt!

Les hele kapitlet Jeremia 17