Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 17:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Judas synd er skriven opp med jerngriffelog rissa inn med diamantstiftpå deira hjartetavleog på altarhorna,

2. medan borna deira minnestaltara og Asjera-pålane dei haddeunder frodige treog på høge haugar,

3. fjella på marka.Din rikdom, alle skattane dineog offerhaugane dinegjev eg til plyndringpå grunn av synda i heile ditt land.

4. Av deg sjølv må du seia frå degden eigedom eg gav deg.Eg gjer deg til slave for fiendane dinei landet du ikkje kjenner.For de har kveikt vreiden min,han skal brenna for alltid.

5. Så seier Herren:Forbanna er den mannsom stolar på menneskeog søkjer sin styrke i kjøt og blodog vender hjartet bort frå Herren.

6. Han blir lik ein busk i øydemarka,han får ikkje sjå det gode koma,han held til i ein ørken av stein,i det salte landet der ingen bur.

Les hele kapitlet Jeremia 17