Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 16:11-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Då skal du seia til dei: Fedrane dykkar forlét meg, seier Herren. Dei følgde andre gudar som dei tente og tilbad. Dei forlét meg, og mi lov heldt dei ikkje.

12. Og de har bore dykk verre åt enn fedrane dykkar. Sjå, kvar og ein følgjer sitt vonde og eigenrådige hjarte og høyrer ikkje på meg.

13. Eg skal kasta dykk ut av dette landet til landet som korkje de eller fedrane dykkar har kjent, og der skal de tena andre gudar både dag og natt. For eg vil ikkje gje dykk nåde.

14. Difor, sjå, dagar skal koma, seier Herren, då det ikkje lenger skal seiast: «Så sant Herren lever, han som førte israelittane opp frå Egypt»,

15. men: «Så sant Herren lever, han som førte israelittane opp frå landet i nord og frå alle dei land han hadde drive dei bort til.» Eg vil føra dei tilbake til deira jord, den jorda eg gav til fedrane.

16. Sjå, eg sender bod etter mange fiskarar, seier Herren, og dei skal fiska dei. Sidan sender eg bod etter mange jegerar, og dei skal jaga dei frå kvart fjell og kvar haug og frå bergsprekkane.

17. For eg held auge med dei kvar enn dei går. Dei kan ikkje gøyma seg for meg, og skulda deira er ikkje løynd for auga mine.

18. Først skal eg gje dei dobbelt att for deira synd og skuld, for dei har vanhelga landet mitt med dei livlause og motbydelege gudane sine og fylt min eigedom med det som er avskyeleg.

19. Herre, min styrke og mitt vern,mi tilflukt den dagen eg er i naud!Til deg skal folkeslag komafrå endane på jorda og seia:«Fedrane våre arva berre løgn,falske gudar som ikkje kan hjelpa.

20. Kan menneske laga seg gudar?Dei er då ikkje gudar.»

21. Sjå, difor gjer eg kjent for dei,denne gongen gjer eg kjentmi makt og mitt velde,og dei skal få kjenna at mitt namn er Herren.

Les hele kapitlet Jeremia 16