Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 13:4-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. «Ta beltet du kjøpte, det du har om livet, og stå opp og gå til Eufrat! Der skal du gøyma det i ein bergsprekk.»

5. Så gjekk eg og gøymde det attmed Eufrat, slik Herren hadde sagt meg.

6. Lang tid etter sa Herren til meg: «Stå opp, gå til Eufrat og hent beltet som eg baud deg å gøyma der!»

7. Eg gjekk til Eufrat og grov opp beltet og tok det bort frå staden der eg hadde gøymt det. Og sjå, då var beltet øydelagt og dugde ikkje til noko.

8. Då kom Herrens ord til meg:

9. Så seier Herren: Slik vil eg øydeleggja det store overmodet i Juda og i Jerusalem.

10. Dette vonde folket nektar å høyra på mine ord, dei følgjer sitt eigenrådige hjarte og følgjer andre gudar for å tena dei og tilbe dei. Som beltet skal dei bli, det som ikkje duger til noko.

11. For slik beltet sluttar tett om livet på mannen, slik har eg slutta heile Israels hus og heile Judas hus til meg, seier Herren, så dei skulle vera mitt folk, til ære, pris og pryd for meg. Men dei ville ikkje høyra.

12. Du skal seia dette ordet til dei: Så seier Herren, Israels Gud: Kvar krukke skal fyllast med vin. Dei kjem til å seia til deg: «Trur du ikkje vi veit at kvar krukke skal fyllast med vin!»

13. Då skal du seia til dei: Så seier Herren: Sjå, eg fyller alle som bur i dette landet, både kongane som sit på Davids trone, prestane, profetane og alle som bur Jerusalem, og dei blir fulle.

Les hele kapitlet Jeremia 13