Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 13:16-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Gjev Herren dykkar Gud ærefør han gjer det mørkt,før de snublar og fellpå fjella i skumringa.De vonar på lys,men han gjer det til dødsskuggeog tjukk skodde.

17. Men vil de ikkje høyra på dette,må sjela mi gråta i løyndover hovmodet dykkar,gråta og gråta, tårene renn frå auga,for Herrens flokk blir ført i fangenskap.

18. Sei til kongen og kongens mor:Set dykk lenger nede!For den staselege kronahar falle av hovudet dykkar.

19. Byane i Negev er stengde,det er ingen som opnar.Heile Juda er ført i eksil,bortført til siste mann.

20. Lyft auga og sjådei som kjem frå nord!Kvar er flokken du fekk,dei staselege sauene dine?

21. Kva vil du seianår tiltrudde menn som du sjølv har lært opp,blir sette til befalingsmenn over deg?Då blir du gripen av riersom ei fødande kvinne.

22. Du seier i hjartet:«Kvifor skal dette henda meg?»På grunn av di store skuldvart kjolekanten lyft oppog lemene utsette for vald.

23. Kan ein frå Kusj skifta si hudeller ein leopard sine flekker?Då kunne òg de gjera godt,de som er lærte opp til å gjera vondt.

24. Eg skal spreia dei lik halmstråsom fyk av stad med ørkenvinden.

25. Det blir din lut,den del eg måler opp for deg,seier Herren,fordi du gløymde megog sette di lit til løgn.

26. Eg skal sjølv lyfta kjolekantenopp over andletet på degså dei kan sjå di skam,

27. ditt ekteskapsbrot, di vrinskingog ditt skamlause horeliv.Eg såg det motbydelege du dreiv medpå haugane og ute på marka.Ve deg, Jerusalem, du som ikkje reinsar deg!Kor lenge skal dette vara?

Les hele kapitlet Jeremia 13