Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 11:8-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Men dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyret til. Alle følgde sitt vonde og eigenrådige hjarte. Då lét eg alle orda i denne pakta koma over dei, den pakta eg hadde bode dei å halda, men som dei ikkje heldt.

9. Herren sa til meg: Det er ei samansverjing mellom mennene i Juda og hos dei som bur i Jerusalem.

10. Dei har vendt attende til syndene til dei første fedrane sine som nekta å lyda orda mine. Dei følgde andre gudar og tente dei. Israels og Judas hus har brote den pakta eg gjorde med fedrane deira.

11. Difor seier Herren: Sjå, eg fører over dei ei ulukke som dei ikkje kan sleppa frå. Når dei ropar til meg, vil eg ikkje høyra på dei.

12. Då skal byane i Juda og dei som bur i Jerusalem, gå og ropa til gudane dei tenner offereld for. Men dei kan ikkje frelsa dei når ulukka kjem.

13. For du har like mange gudar som du har byar, Juda! Og de har reist like mange altar for Skamma som det er gater i Jerusalem, altar der de tenner offereld for Baal.

14. Du skal ikkje be for dette folket og ikkje setja i med klagerop eller bøn for dei. For eg vil ikkje høyra på dei når dei ropar til meg i si ulukketid.

15. Kva vil ho som eg elskar, i mitt hus,ho som har lagt vonde planar?Kan feite dyr og heilagt kjøtta bort din vondskap?Då kunne du jubla.

16. Herren har kalla degeit grønt oliventremed vakker frukt.Men med bulder og brakset han fyr på detså greinene brotnar.

17. Herren over hærskarane,han som planta deg,trugar deg no med det vondefor det vondesom Israels og Judas hushar gjort mot seg sjølvedå dei tende offereld for Baalog gjorde meg rasande.

18. Herren gjorde det kjent for meg,eg fekk vita om det.Då synte du meg kva dei gjorde.

19. Eg var godtruen lik eit lamsom blir ført bort til slakting.Eg visste ikkje at dei tenkte utplanar mot meg:«Lat oss øydeleggja både treet og fruktaog rydda han ut av landet til dei levandeså ingen hugsar namnet hans meir.»

Les hele kapitlet Jeremia 11