Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 11:16-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Herren har kalla degeit grønt oliventremed vakker frukt.Men med bulder og brakset han fyr på detså greinene brotnar.

17. Herren over hærskarane,han som planta deg,trugar deg no med det vondefor det vondesom Israels og Judas hushar gjort mot seg sjølvedå dei tende offereld for Baalog gjorde meg rasande.

18. Herren gjorde det kjent for meg,eg fekk vita om det.Då synte du meg kva dei gjorde.

19. Eg var godtruen lik eit lamsom blir ført bort til slakting.Eg visste ikkje at dei tenkte utplanar mot meg:«Lat oss øydeleggja både treet og fruktaog rydda han ut av landet til dei levandeså ingen hugsar namnet hans meir.»

20. Herre over hærskarane, du rettferdige dommar,du som granskar hjarte og nyrer,lat meg få sjå at du tek hemn over dei,for eg har lagt saka mi fram for deg.

21. Difor: Så seier Herrenom mennene i Anatotsom står deg etter livet og seier:«Du må ikkje profetera i Herrens namn,elles skal du døy for vår hand.»

Les hele kapitlet Jeremia 11