Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 11:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette ordet kom til Jeremia frå Herren:

2. Høyr orda i denne pakta! Du skal tala om dei til mennene i Juda og til dei som bur i Jerusalem,

3. og seia: Så seier Herren, Israels Gud: Forbanna er den som ikkje lyder orda i denne pakta

4. som eg baud fedrane dykkar å halda den dagen eg førte dei ut frå Egypt, ut or smelteomnen. Då sa eg: Høyr på meg og gjer alt det eg byd dykk! Så skal de vera mitt folk, og eg skal vera dykkar Gud.

5. Og eg vil halda eiden eg svor for fedrane dykkar, å gje dei eit land som fløymer med mjølk og honning, slik det er i dag.Då svara eg: «Amen, Herre!»

6. Herren sa til meg: Rop ut alle desse orda over byane i Juda og på gatene i Jerusalem: Høyr orda i denne pakta og lev etter dei!

Les hele kapitlet Jeremia 11