Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 10:9-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Det hamra sølvet er innført frå Tarsisog gullet frå Ufas.Det er verk av treskjerar og gullsmed,kledd i blått og raudt purpur,kunstverk alt saman.

10. Men Herren er den sanne Gud,den levande Gud, den evige kongen.Jorda skjelv for hans harme,folkeslaga kan ikkje halda ut hans vreide.

11. Dette skal de seia til dei:«Dei gudane som ikkje skapte himmel og jord,skal utryddast frå jordaog under himmelen.»

12. Han laga jorda med si kraft,han grunnla verda i sin visdomog spente ut himmelen ved si innsikt.

13. Når hans røyst høyrest, brusar vatnet i himmelen,han lèt skyer stiga opp frå enden av jorda,han lagar både lyn og regn,han lèt vinden sleppa ut frå sine forrådskammer.

14. Alle menneske er dumme og uforstandige.Kvar gullsmed må skjemmastav gudebiletet sitt,for det støypte biletet hans er løgn.Det er ikkje ånd i dei.

15. Tomme er dei, eit verk til spott.Når straffa kjem, går dei til grunne.

16. Han som er Jakobs del, er ikkje som desse,for det er han som formar alt.Israel er hans eigen stamme. Herren over hærskarane er hans namn.

Les hele kapitlet Jeremia 10