Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 10:17-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Ta bylten din opp frå bakken,du kvinne som bur i ein kringsett by!

18. For så seier Herren:Sjå, denne gongen slengjer eg bortdei som bur i landet.Eg gjev dei trengslefor at dei skal finna meg.

19. Ve meg, for eit brot!Eg har eit sjukt sår.Eg tenkte: Dette er berre ei lidingsom eg må bera.

20. Teltet mitt er øydelagt,alle snorer avrivne.Borna mine har forlate meg, dei er borte.Det er ikkje lenger nokonsom set opp teltet mittog spenner ut teltdukane.

21. For gjetarane er dumme,dei søkjer ikkje Herren.Difor lukkast dei ikkje,heile flokken deira blir spreidd.

22. Dårleg nytt: No kjem det,eit kraftig jordskjelv frå landet i nord.Det gjer byane i Juda til ørken,ein stad der sjakalar held til.

Les hele kapitlet Jeremia 10