Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 10:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Høyr ordet som Herren talar til dykk, Israels hus.

2. Så seier Herren:De skal ikkje læra dykk å gå dei vegane folkeslaga går,og ikkje frykta teikna på himmelensjølv om folkeslaga fryktar dei.

3. For skikkane til folka er tomme.Dei høgg eit tre i skogen,ein handverkar lagar det til med øks,

4. dei pryder det med sølv og gull,dei fester det med naglar og hammarså det står støtt.

5. Dei er som fugleskremsla på ei agurkmark,ikkje kan dei snakka,og dei må berast, for dei kan ikkje gå.Ver ikkje redde dei!Dei gjer ikkje nokon skade,men dei kan heller ikkje gjera noko godt.

6. Ingen er som du, Herre.Du er stor,namnet ditt er stort og mektig.

7. Kven må ikkje frykta deg,du konge over folkeslaga?Det er din rett.For mellom alle vismenn hos folkeslagaog i alle rike er ingen som du.

8. Alle som ein er tåpelege og dumme,opplærte av tomme gudar,ein trestokk.

9. Det hamra sølvet er innført frå Tarsisog gullet frå Ufas.Det er verk av treskjerar og gullsmed,kledd i blått og raudt purpur,kunstverk alt saman.

10. Men Herren er den sanne Gud,den levande Gud, den evige kongen.Jorda skjelv for hans harme,folkeslaga kan ikkje halda ut hans vreide.

11. Dette skal de seia til dei:«Dei gudane som ikkje skapte himmel og jord,skal utryddast frå jordaog under himmelen.»

12. Han laga jorda med si kraft,han grunnla verda i sin visdomog spente ut himmelen ved si innsikt.

13. Når hans røyst høyrest, brusar vatnet i himmelen,han lèt skyer stiga opp frå enden av jorda,han lagar både lyn og regn,han lèt vinden sleppa ut frå sine forrådskammer.

14. Alle menneske er dumme og uforstandige.Kvar gullsmed må skjemmastav gudebiletet sitt,for det støypte biletet hans er løgn.Det er ikkje ånd i dei.

15. Tomme er dei, eit verk til spott.Når straffa kjem, går dei til grunne.

Les hele kapitlet Jeremia 10