Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 8:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Hornet til munnen!Som ei ørn over Herrens hus!For dei har brote mi paktog synda mot mi lov.

2. Dei ropar til meg:«Min Gud!Vi, Israel, kjenner deg!»

3. Men Israel har forkasta det gode,fienden skal forfølgja dei.

4. Dei valde seg kongar som ikkje er frå meg,valde seg hovdingar eg ikkje kjennest ved.Av sølvet og gullet sitt laga dei seg gudebilete.Difor skal dei utryddast.

5. Kast ut kalven din, Samaria!Vreiden min logar mot dei.Kor lenge skal det varafør dei kan bli reine?

6. Dei er då frå Israel!Men han er laga av ein handverkar,og nokon gud er han ikkje,sanneleg, til splintar skal han bli,Samaria-kalven!

7. For vind sår dei, og storm skal dei hausta.Kornet skyt ikkje aksog gjev dei ikkje mjøl,og gjev det mjøl, et framande det opp.

Les hele kapitlet Hosea 8