Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 7:8-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Efraim blandar seg med folka.Efraim har vorte ein brødleiv som ikkje er snudd.

9. Framande har ete krafta hans,men han veit det ikkje.Han er alt overstrødd med grått hår,men han veit det ikkje.

10. Israels hovmod vitnar mot han,men dei vender ikkje om til Herren sin Gud,dei søkjer han likevel ikkje.

11. Efraim har vorte som ei due,godtruande og utan forstand.Dei kallar på Egypt, dei dreg til Assur.

12. Når dei dreg,kastar eg nettet mitt over dei,eg dreg dei ned som himmelens fuglar,eg fangar dei når eg høyrer flokken deira.

13. Ve dei, for dei rømde frå meg!Død over dei, for dei braut med meg!Eg ville løysa dei ut,men dei tala løgn mot meg.

14. Dei ropar ikkje til meg av hjartet,men jamrar seg der dei ligg,for korn og ny vin rispar dei seg opp.Dei vender seg bort frå meg.

15. Eg lærte dei opp,og eg gav armane deira styrke,men dei tenkte ut vondt mot meg.

16. Dei vender om, men ikkje til meg,dei har vorte som ein slakk boge.Stormennene deira skal falla for sverdpå grunn av si hatske tunge.Dette fører spott over dei i Egypt.

Les hele kapitlet Hosea 7