Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 7:3-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Dei gleder kongen med sin vondskapog stormennene med løgnene sine.

4. Alle er dei ekteskapsbrytarar,lik ein omn så heitat bakaren ikkje treng å fyrafrå deigen er knadd og til han har heva seg.

5. På vår konges daggjer dei stormenn sjukeav heten frå vinen.Han rekkjer handa til spottarar.

6. Hjartet deira liknar ein omnder dei ligg på lur.Heile natta søv harmen deira,om morgonen brenn han som logande eld.

7. Alle er dei heite som ein omn,dei et dommarane sine.Alle kongane deira er falne,ingen av dei kallar på meg.

8. Efraim blandar seg med folka.Efraim har vorte ein brødleiv som ikkje er snudd.

9. Framande har ete krafta hans,men han veit det ikkje.Han er alt overstrødd med grått hår,men han veit det ikkje.

10. Israels hovmod vitnar mot han,men dei vender ikkje om til Herren sin Gud,dei søkjer han likevel ikkje.

Les hele kapitlet Hosea 7