Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 7:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. når eg gjer Israel frisk,då blir Efraims skuld avslørt,og Samarias vondskap.Dei fer med svik,tjuven bryt seg inn,røvarane herjar i gata.

2. Dei seier ikkje til sitt hjarteat eg hugsar all deira vondskap.Men no er dei ringa inn av sine gjerningar,eg har dei for auge.

3. Dei gleder kongen med sin vondskapog stormennene med løgnene sine.

4. Alle er dei ekteskapsbrytarar,lik ein omn så heitat bakaren ikkje treng å fyrafrå deigen er knadd og til han har heva seg.

5. På vår konges daggjer dei stormenn sjukeav heten frå vinen.Han rekkjer handa til spottarar.

6. Hjartet deira liknar ein omnder dei ligg på lur.Heile natta søv harmen deira,om morgonen brenn han som logande eld.

Les hele kapitlet Hosea 7