Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 6:4-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Kva skal eg gjera med deg, Efraim?Kva skal eg gjera med deg, Juda?Kjærleiken dykkar er som ei morgonsky,lik dogg som tidleg blir borte.

5. Difor har eg hogge dei ned ved profetane,drepe dei med ord frå min munn.Min dom skal gå opp som lyset.

6. For eg vil ha kjærleik, ikkje slaktoffer,gudskjennskap framfor brennoffer.

7. Dei braut pakta i Adam,der var dei trulause mot meg.

8. Gilead er ein forbrytarby,full av blodspor.

9. Presteflokken liknar røvararsom ventar på folk,dei myrdar på vegen til Sikem.Ja, skamlaus gjerning har dei gjort.

10. I Israels hus har eg sett grufulle ting,der driv Efraim hor,der gjer Israel seg urein.

11. Også for deg, Juda,er det fastsett ein haust.Når eg vender lagnaden for mitt folk,

Les hele kapitlet Hosea 6