Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 13:7-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Eg har vorte mot dei som ei løve,lik ein leopard lurer eg ved vegen.

8. Eg vil koma over dei som ei binnedei har teke ungane frå,og riva opp brystet på dei.Eg vil eta dei opp som ei løve;dei ville dyra skal slita dei sund.

9. Når øydelegginga kjem, Israel,kven skal hjelpa deg då?

10. Kvar er då kongen dinsom kan berga deg i alle byane dine,og kvar er dommarane dine?Du har jo sagt:«Gjev meg konge og hovdingar!»

11. Eg gjev deg ein konge i min vreide,og i min harme tek eg han bort.

12. Efraims skuld er samla opp,synda hans er gøymd.

13. Når fødselsriene kjem,er han eit barn utan forstand.Når tida er der,kjem han ikkje fram til livmormunnen.

14. Skal eg fria dei frå dødsrikets makt,løysa dei ut frå døden?Død, kvar er din pest?Dødsrike, kvar er di sott?Medkjensle er løynd for auga mine.

Les hele kapitlet Hosea 13