Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 13:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Når Efraim tala, tok redsla alle,han var ein fyrste i Israel.Men han førte skuld over seg ved Baal og døydde.

2. Og no held dei fram med å synda;av sølvet sitt har dei støypt seg bilete,gudebilete etter sitt eige hovud,alt saman laga av handverkarar.Folk seier om dei:«Dei som ofrar menneske, kysser kalvar.»

3. Difor skal dei bli som morgondisen,lik dogg som tidleg blir borte,lik agner som blæs bort frå treskjeplassen,lik røyk frå ljoren.

4. Eg er Herren din Gud,heilt frå Egypt.Nokon annan gud enn meg kjenner du ikkje,det finst ingen annan frelsar enn eg.

5. Eg tok meg av deg i ørkenen,i det tørre landet.

6. Dei beitte og vart mette.Då dei var mette, vart dei hovmodige,difor gløymde dei meg.

7. Eg har vorte mot dei som ei løve,lik ein leopard lurer eg ved vegen.

Les hele kapitlet Hosea 13