Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 12:3-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Herren fører sak med Juda,han vil straffa Jakob for hans ferd,gjengjelda det han har gjort.

4. I mors liv heldt han bror sin i hælen,som vaksen kjempa han med Gud,

5. han kjempa med engelen og vann,han gret og bad om nåde.I Betel møter Gud han,og der talar han med oss.

6. Herren, allhærs Gud, Herren er hans namn.

7. Og du skal venda attende ved hjelp av din Gud.Hald fast på kjærleik og rett,ha alltid von til din Gud!

8. Kanaan har falske vekter i handa,han elskar å utnytta andre,

9. og Efraim seier:«Eg har då vorte rikog har fått meg eigedom,men i all rikdomen miner eg ikkje funnen skuldig i noko som er synd.»

10. Men eg er Herren din Gud,heilt frå Egypt.Enno vil eg la deg bu i teltsom den gongen eg møtte deg.

11. Eg vil tala til profetane.Eg lét dei få syn i mengd,og no vil eg tala i likningar gjennom dei.

Les hele kapitlet Hosea 12