Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 11:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då Israel var ung,fekk eg han kjær,frå Egypt kalla eg son min.

2. Men jo meir eg ropa på dei,dess meir gjekk dei bort frå meg.Dei ofra til Baal-gudane,tende offereld for gudebilete.

3. Det var eg som lærte Efraim å gåog tok dei på armen.Men dei skjøna ikkje at eg gjorde dei friske.

4. Eg drog dei med menneskeband,med kjærleiks tau.Eg var lik ein som lyfter eit spedbarn opp til kinnet,eg bøygde meg ned og gav dei mat.

5. Dei skal ikkje venda attende til Egypt,men Assur skal vera kongen deira,for dei nekta å venda om.

6. Sverdet skal rasa i byane deira,bryta sund bommane og eta om segfor deira planar skuld.

Les hele kapitlet Hosea 11