Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 1:6-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Sidan vart ho med barn att og fekk ei dotter. Herren sa til han: «Kall henne Lo Ruhamá, ‘ikkje miskunn’! For eg vil ikkje lenger visa Israels hus miskunn og ikkje tilgje dei.

7. Men Judas hus vil eg visa miskunn. Eg vil frelsa dei ved Herren deira Gud, men eg vil ikkje frelsa dei med boge, sverd og krig, med hestar og ryttarar.»

8. Då ho hadde vant av Lo Ruhamá, vart ho med barn att og fekk ein son.

9. Herren sa: «Kall han Lo Ammí, ‘ikkje mitt folk’! For de er ikkje mitt folk, og eg er ikkje her for dykk.»

10. Israels born skal bli mange som havsens sand og ikkje kunna målast og ikkje teljast. Der det før vart sagt til dei: «De er ikkje mitt folk», skal det seiast: «Den levande Guds born».

11. Judas og Israels born skal samla seg og ta seg ein hovding i lag. Dei skal dra opp frå landet. Ja, stor er Jisreels dag.

Les hele kapitlet Hosea 1