Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Høgsongen 8:5-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Kven er ho som stig opp frå ørkenen,stødd til kjærasten?Under apalen vekte eg deg,der mor di hadde rier,der ho fødde deg.

6. Set meg som eit segl på hjartet ditt,eit stempel på armen din!For kjærleiken er sterk som døden,lidenskapen ubøyeleg som dødsriket.Han brenn som logande eld,ein Herrens loge.

7. Veldige vatn sløkkjer ikkje kjærleiken,elvar skyl han ikkje bort.Om nokon gjev alt han eigfor å kjøpa kjærleik,blir han berre til lått.

8. Vi har ei lita systersom ikkje har bryst.Kva skal vi gjera med syster vården dagen ho blir lova bort?

9. Er ho ein mur, vil vi byggjatindar av sølv på han.Er ho ei dør, vil vi sperra hennemed ein sederplanke.

10. Eg var ein mur,og brysta mine som tårn;framfor hans auge har eg vortelik ei som finn fred.

11. Salomo hadde ei vinmark i Baal-Hamon.Han gav vinmarka bort til paktarane,kvar av dei skulle gje hantusen sølvpengar for frukta.

12. Mi vinmark er berre mi, den rår eg over sjølv.Dei tusen er dine, Salomo,to hundre er til dei som vaktar frukta.

13. Du jente som held til i hagane,venene lyder på di røyst.Lat meg få høyra henne!

14. Fly, kjærasten min,ver som ein gasell, som ein ung hjortover fjell med angande urter!

Les hele kapitlet Høgsongen 8