Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Haggai 2:13-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Så spurde Haggai: «Men om nokon har vorte urein gjennom å røra ved eit lik og han så kjem borti noko av dette, blir det då ureint?» Prestane svara: «Ja, det blir ureint.»

14. Haggai tok til ords og sa: Slik er dette folket, slik er dette folkeslaget for mitt andlet, seier Herren. Slik er alt dei gjer med hendene, og det dei ber fram der: Det er ureint.

15. Men no, gjev akt på det som hender frå og med i dag! Før stein vart lagd på stein i Herrens tempel,

16. korleis gjekk det dykk då? Ein som kom til ein kornbinge på tjue mål, fann berre ti. Ein som kom for å ausa opp femti spann frå ei vinpresse, fann berre tjue.

17. Eg slo dykk med kornsot og svartrust og med hagl over alt de gjer med hendene. Men de kom ikkje til meg, seier Herren.

18. Gjev akt på det som hender frå og med i dag, frå den tjuefjerde dagen i den niande månaden, frå den dagen då grunnsteinen til Herrens tempel vart lagd. Gjev akt på dette!

19. Ligg såkornet framleis i kornkummen? Står vinstokken og fikentreet, granatapalen og oliventreet framleis utan frukt?Frå og med i dag vil eg velsigna.

20. Herrens ord kom for andre gong til Haggai på den tjuefjerde dagen i månaden:

21. Sei til Serubabel, statthaldaren i Juda:Eg rister himmel og jord.

22. Eg støyter ned kongsstolarog gjer ende på mektige rikemellom folkeslaga.Eg velter stridsvogn og mannskap.Hestar og ryttarar skal stupa,den eine fell for sverdet til den andre.

23. Den dagen, seier Herren over hærskarane, tek eg deg, min tenar Serubabel, son til Sjealtiel – seier Herren – og gjer deg til ein signetring. For deg har eg valt ut, seier Herren over hærskarane.

Les hele kapitlet Haggai 2