Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Haggai 2:11-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Så seier Herren over hærskarane: Spør prestane om rettleiing:

12. «Om nokon ber heilagt kjøt i kappefliken og fliken kjem borti brød eller kokt mat eller vin eller olje eller annan mat, blir då dette heilagt?» Prestane svara: «Nei.»

13. Så spurde Haggai: «Men om nokon har vorte urein gjennom å røra ved eit lik og han så kjem borti noko av dette, blir det då ureint?» Prestane svara: «Ja, det blir ureint.»

14. Haggai tok til ords og sa: Slik er dette folket, slik er dette folkeslaget for mitt andlet, seier Herren. Slik er alt dei gjer med hendene, og det dei ber fram der: Det er ureint.

15. Men no, gjev akt på det som hender frå og med i dag! Før stein vart lagd på stein i Herrens tempel,

16. korleis gjekk det dykk då? Ein som kom til ein kornbinge på tjue mål, fann berre ti. Ein som kom for å ausa opp femti spann frå ei vinpresse, fann berre tjue.

17. Eg slo dykk med kornsot og svartrust og med hagl over alt de gjer med hendene. Men de kom ikkje til meg, seier Herren.

Les hele kapitlet Haggai 2