Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Haggai 1:8-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Far opp i fjellet og hent tømmer!Bygg huset, så vil eg ha glede i detog bli æra, seier Herren.

9. De ventar mykje, men sjå, det blir lite.De får avlinga i hus, men eg blæs henne bort.Kvifor? seier Herren over hærskarane.Fordi mitt hus ligg i røysmedan de har det travelt med dykkar eigne hus.

10. Difor held himmelen dogga tilbake,og jorda held grøda tilbake.

11. Eg har kalla fram tørkeover land og fjell,over korn, ny vin og fin olje,over det som marka ber fram,over menneske og dyrog over alt det hendene har slite med.

12. Serubabel, son til Sjealtiel, og Josva, son til Jehosadak, øvstepresten, og alle som var att av folket, høyrde på røysta til Herren sin Gud og på orda til profeten Haggai, for Herren deira Gud hadde sendt han. Og folket frykta Herren.

13. Haggai, Herrens sendebod, bar fram Herrens bodskap til folket: «Eg er med dykk, seier Herren.»

14. Herren vekte ein tanke hos Serubabel, son til Sjealtiel, statthaldaren i Juda, og hos Josva, son til Jehosadak, øvstepresten, og hos alle som var att av folket. Og dei kom og arbeidde på huset til sin Gud, Herren over hærskarane,

15. på den tjuefjerde dagen i den sjette månaden i det andre regjeringsåret til kong Dareios.

Les hele kapitlet Haggai 1