Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Habakkuk 3:15-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Med hestane dine fer du over havet,dei veldige, brusande vatna.

16. Eg høyrde det, då skalv mitt indre,og leppene dirra ved lyden.Det kom verk i beina mine,føtene vakla under meg.Roleg ventar eg påat trengselsdagen skal komaover det folket som går til åtak på oss.

17. For fikentreet blømer ikkje,vinstokken ber ikkje frukt,olivenhausten slår feil,åkeren gjev ikkje mat,sauene er borte frå kvea,fjøset er tomt for fe.

18. Men eg vil fryda meg i Herren,jubla i Gud, min frelsar.

19. Gud Herren er min styrke.Han gjev meg føter som ei hindog lèt meg ferdast på høgdene.Til korleiaren. Med strengespel.

Les hele kapitlet Habakkuk 3