Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Habakkuk 2:14-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Jorda skal fyllast med kunnskapom Herrens herlegdomslik vatnet dekkjer havsens botn.

15. Ve den som skjenkjer sin neste,blandar gift i drikken og gjer han rusaså han kan sjå han naken.

16. Du blir mett av skam og ikkje av ære.Så drikk, du òg, og vis at du har forhud!Begeret i Herrens høgre handskal koma til deg,og di ære skal gøymast av skam.

17. Valden mot Libanon skal koma over deg,mishandlinga av dyra skal ramma deg.Du auste ut menneskeblod,gjorde vald mot landetog byen og alle som bur der.

18. Kva hjelper eit gudebiletesom ein handverkar har skore ut,eit støypt bilete som gjev falske svar?Men handverkaren lit på sitt eige arbeidog lagar mållause avgudar.

19. Ve den som seier: «Vakna!» til ein trestokk,«Stå opp!» til ein mållaus stein.Kva slags svar kan han gje?Visst er han kledd i gull og sølv,men det er ikkje ånd i han.

20. Herren er i sitt heilage tempel;ver stille for han, heile jorda!

Les hele kapitlet Habakkuk 2