Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Habakkuk 1:3-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Kvifor lèt du meg sjå urett?Korleis kan du sjå på ulukke?Herjing og vald like ved meg,det blir strid,det kjem til trette.

4. Difor er lova kraftlaus,og retten når aldri ut.For den urettferdige kringset den rettferdige,difor blir retten vrangsnudd.

5. Sjå på folkeslaga, sjå dykk om,forvirr dykk sjølve og ver forvirra!For i dykkar dagar gjer eg ei gjerning,de ville ikkje tru det om det vart fortalt!

6. Sjå, eg reiser opp kaldearane,det brutale og raske folkeslagetsom fer så vidt omkring på jordaog tek bustader som ikkje høyrer dei til.

7. Skremmande og fryktelege er dei,deira rett og heider kjem frå dei sjølve.

8. Raskare enn leopardar er hestane deira,villare enn ulvar i øydemarka.Ryttarane deira jagar av stad,ryttarane kjem frå det fjerne,dei flyg som ørna på jakt etter føde.

9. Alle kjem dei og vil gjera valdsverk,dei rykkjer fram i flokk,dei samlar fangar som sand.

10. Dei gjer narr av kongarog gjer fyrstar til lått.Dei ler av kvar festning,kastar opp ein jordvoll og tek henne.

11. Så fer dei vidare og blir borte som vinden.Dei fører skuld over seg.Deira styrke er deira gud.

Les hele kapitlet Habakkuk 1