Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Habakkuk 1:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Bodskapen som profeten Habakkuk fekk sjå.

2. Kor lenge, Herre, skal eg ropautan at du høyrer,skrika til deg om valdutan at du frelser?

3. Kvifor lèt du meg sjå urett?Korleis kan du sjå på ulukke?Herjing og vald like ved meg,det blir strid,det kjem til trette.

4. Difor er lova kraftlaus,og retten når aldri ut.For den urettferdige kringset den rettferdige,difor blir retten vrangsnudd.

5. Sjå på folkeslaga, sjå dykk om,forvirr dykk sjølve og ver forvirra!For i dykkar dagar gjer eg ei gjerning,de ville ikkje tru det om det vart fortalt!

6. Sjå, eg reiser opp kaldearane,det brutale og raske folkeslagetsom fer så vidt omkring på jordaog tek bustader som ikkje høyrer dei til.

7. Skremmande og fryktelege er dei,deira rett og heider kjem frå dei sjølve.

Les hele kapitlet Habakkuk 1