Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 9:4-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. For den som høyrer til mellom dei levande,er éin ting sikkert:Det er betre å vera ein levande hundenn ei daud løve.

5. Dei levande veit at dei skal døy,men dei døde veit ingen ting.Dei har inga løn i vente,for minnet om dei er gløymt.

6. Det er slutt med kjærleiken deira for lenge sidan,med både hatet og misunninga deira.Aldri meir skal dei få deli alt det som hender under sola.

7. Så gå og et ditt brød med glede,og drikk din vin med glede i hjartet!For Gud har alt sagt ja til det du gjer.

8. Ha alltid kvite festklede på,lat oljen flyta over hovudet ditt!

9. Nyt livet med kvinna du elskar,alle dine kortvarige levedagar,dei som Gud gjev deg under sola,ja, alle dine kortvarige dagar.For dette er din del i livet,midt i alt strevet og arbeidet under sola.

10. Alt du kan gjera med hendene,gjer det med den krafta du har.For i dødsriket, dit du går,er det korkje gjerning eller tanke,korkje kunnskap eller visdom.

11. Vidare såg eg under sola:Det er ikkje dei raske som vinn løpet,ikkje dei djerve som sigrar i krig,ikkje dei vise som får brød,ikkje dei vituge som blir rike,ikkje dei duglege som finn velvilje,for tida og ulukka råkar dei alle.

12. Ja, mennesket veit ikkje når tida er komen.Slik fisken blir fanga i det vonde garnet,slik fuglen går seg fast i snara,slik blir menneska fanga av ei ulukketid,brått kjem ulukka over dei.

13. Eg har òg sett noko annaom visdomen under sola,og det har overvelda meg:

14. Det var ein liten by,og det budde nokre få der.Ein mektig konge kom mot han,kringsette byenog bygde store vollar mot han.

Les hele kapitlet Forkynnaren 9