Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 9:14-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Det var ein liten by,og det budde nokre få der.Ein mektig konge kom mot han,kringsette byenog bygde store vollar mot han.

15. Der i byen fanst detein mann som var fattig, men vis.Det var han som berga byen med sin visdom.Likevel var det ingen som hugsadenne fattige mannen.

16. Då sa eg:Visdom er betre enn styrke;men visdomen til den fattige blir sedd ned på,ingen høyrer på orda hans.

17. Lågmælte ord frå den visehøyrest betre enn ropet frå herskaren mellom dårar.

18. Visdom er betre enn krigsvåpen,men éin som trør gale, kan øydeleggja mykje godt.

Les hele kapitlet Forkynnaren 9