Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 9:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ja, alt dette la eg meg på hjartetfor å granska om dei rettferdige og dei viseog deira gjerningar er i Guds hand.Ingen menneske kan vita kva som ligg framfor dei,om det er kjærleik eller hat.

2. Ein og same enden får dei alle,den rettferdige og den urettferdige,den gode, den som er rein, og den som er urein,den som ber fram offer, og den som ikkje ofrar.Det går med den gode som med syndaren,med den som sver,og med den som er redd for å sverja.

3. Dette er det vonde med alt som hender under sola,at det går like eins med alle;menneskehjartet er fullt av vondskap,uforstand har dei i sinnet så lenge dei lever,og sidan må dei fara til dei døde.

4. For den som høyrer til mellom dei levande,er éin ting sikkert:Det er betre å vera ein levande hundenn ei daud løve.

5. Dei levande veit at dei skal døy,men dei døde veit ingen ting.Dei har inga løn i vente,for minnet om dei er gløymt.

6. Det er slutt med kjærleiken deira for lenge sidan,med både hatet og misunninga deira.Aldri meir skal dei få deli alt det som hender under sola.

Les hele kapitlet Forkynnaren 9