Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 7:3-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Sorg er betre enn latter;eit sorgfullt andlet kan gjera godt for hjartet.

4. Dei vise har sitt hjarte i sørgjehuset,men dårane har hjartet i gledehuset.

5. Det er betre å bli klaga av ein vismannenn å bli lovprisa av ein dåre.

6. Som tornebuskar sprakar under gryta,slik lyder det når dåren ler.Dette òg er fåfengt.

7. Utpressing gjer den vise til dåre,å la seg kjøpa øydelegg sjølve hjartet.

8. Enden på ein ting er betre enn byrjinga,tolmod er betre enn hovmod.

9. Ver ikkje for snar til å bli sint,for harmen bur i bringa på dårar.

10. Sei ikkje: Kva kjem det avat alt var betre i gamle dagar enn no?Du spør ikkje slik om du er vis.

11. Visdom er jamgod med ervd jord,ei vinning for alle som ser sola.

12. Visdom gjev vern slik sølv gjev vern;å eiga visdom held ein mann i live.

13. Sjå på det som Gud har gjort!Kven kan retta ut det han har krøkt?

14. Er dagen god, så nyt han!Men er dagen vond, skal du tenkja påat det er Gud som har gjort det slikat den eine dagen kjem etter den andre,så menneska ikkje skal vitakva dagen som kjem, har med seg.

Les hele kapitlet Forkynnaren 7