Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 6:6-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Sjølv om han levdei to gonger tusen år,fekk han ikkje nyta det gode i livet.Går ikkje alle til same staden?

7. Mennesket strevar alltid for maten,men svolten i sjela blir aldri stilt.

8. Kva fordel har den vise framfor dårar?Og kva hjelper det ein fattig å vitakorleis han skal ferdast mellom menneska?

9. Betre det auga serenn det sjela trår etter.Det òg er fåfengt, det er som å gjeta vinden.

10. Alt som er til,er nemnt med namn for lenge sidan,det er kjent på førehandkva eit menneske skal bli.Ingen kan føra sakmot den som er sterkare enn ein sjølv.

11. Dess fleire ord, dess meir fåfengt!Kva gagn har mennesket av det?

12. Ja, kven veit kva som er bestfor menneska her i livet,alle dei kortvarige daganedei lever som ein skugge?Kven kan fortelja menneskakva som skal henda etter dei under sola?

Les hele kapitlet Forkynnaren 6