Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 6:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Eitt som er vondt har eg sett under sola;det kviler tungt på menneska:

2. Gud gjev ein mannbåde rikdom, gods og ære,så han ikkje manglar nokoav alt det han ønskjer seg.Men Gud lèt han ikkje nyta noko av det,det blir ein framand som bruker det opp.Det er meiningslaust, ja, beiskt og vondt.

3. Ein mann kan få hundre bornog leva i mange år.Men kor lenge han så lever –om han ikkje har glede av alt det godeog ikkje eingong får ei gravferd,seier eg at det ufullborne fosterethar det gått betre med enn han.

4. Fåfengt kjem det til verda,i mørker går det bort,og i mørker får det namnet sitt løynt.

Les hele kapitlet Forkynnaren 6