Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 5:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ver ikkje for snar med munnen,og lat ikkje hjartet forhasta segnår du vil tala eit ord for Guds andlet.For Gud er i himmelen og du er på jorda,lat difor orda dine vera få!

2. Med hardt slit følgjer tankespinn,med dårars tale følgjer mange ord.

3. Når du gjev Gud ein lovnad,så dryg ikkje med å halda han.For Gud har ikkje glede i dårar.Hald det du har lova han!

4. Det er betre at du ikkje gjev han lovnader,enn at du lovar og ikkje held ord.

5. Lat ikkje munnen få deg til å synda,og sei ikkje til Guds sendebod:«Eg gjorde det av vanvare.»Kvifor vil du gjera Gud harm med orda dine,så han øydelegg det du har gjort?

6. Midt i alle draumar, alt som er fåfengt, og alle ord:Ha ærefrykt for Gud!

7. Ser du at fattigfolk blir undertrykte,at rett og rettferd blir krenkte i din provins,så undra deg ikkje over det!For den eine mektige vernar den andre,og over dei begge står andre med makt.

8. Framfor alt er jord ein god ting,ein konge må sørgja for at jorda blir dyrka.

9. Den som er glad i pengar,blir aldri mett på pengar.Den som elskar rikdom,får aldri vinning nok.Dette òg er fåfengt.

10. Dess større eigedom,dess fleire som skal leva av han.Kva gagn har eigaren av det,anna enn at han får meir å sjå på?

11. Ein slave kan sova godtanten han har lite eller mykje å eta.Alt det den rike eig,tek natteroa frå han.

Les hele kapitlet Forkynnaren 5