Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 4:8-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Ein mann kan stå heilt åleine,utan både son og bror,og likevel er det ingen endepå alt hans strev;auga hans blir ikkje mette på rikdom.«Kven er det eg strevar forså eg nektar meg sjølv alt godt?»Dette òg er fåfengt og eit vondt slit.

9. Det er betre å vera to enn éin,dei får god løn for sitt strev.

10. For om dei fell, kan den einehjelpa den andre opp.Men stakkars den som er åleine!Når han fell, er det ingensom kan reisa han opp.

11. Når to ligg saman, blir dei varme,men korleis kan den som ligg åleine, halda seg varm?

12. Om éin blir overvunnen,kan to halda stand.Ein tretvinna trådslitnar ikkje så fort.

13. Det er betre med ein fattig unggut som er klok,enn ein gammal konge som er dumog ikkje meir har vit til å høyra på åtvaring.

14. Ein som kom ut av fengselet,vart teken til konge,men enno medan han styrte,vart det fødd ein fattig gut.

15. Eg såg korleis alle menneskesom gjekk omkring under sola,gav seg i lag med denne nyesom skulle ta kongens plass.

16. Det var ingen ende på alt folketsom han vart førar for.Men heller ikkje hanvart til glede for dei som kjem etter.Dette òg er fåfengt, som å gjeta vinden.

17. Akta foten din når du går til Guds hus!Det er betre at du kjem dit og høyrerenn å bera fram offer slik dårane gjer;dei veit ikkje anna enn å gjera det vonde.

Les hele kapitlet Forkynnaren 4