Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 4:6-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Betre ei handfull roenn begge hender fulle av strev.Det er som å gjeta vinden.

7. Igjen såg eg på detsom er fåfengt under sola:

8. Ein mann kan stå heilt åleine,utan både son og bror,og likevel er det ingen endepå alt hans strev;auga hans blir ikkje mette på rikdom.«Kven er det eg strevar forså eg nektar meg sjølv alt godt?»Dette òg er fåfengt og eit vondt slit.

9. Det er betre å vera to enn éin,dei får god løn for sitt strev.

10. For om dei fell, kan den einehjelpa den andre opp.Men stakkars den som er åleine!Når han fell, er det ingensom kan reisa han opp.

11. Når to ligg saman, blir dei varme,men korleis kan den som ligg åleine, halda seg varm?

12. Om éin blir overvunnen,kan to halda stand.Ein tretvinna trådslitnar ikkje så fort.

13. Det er betre med ein fattig unggut som er klok,enn ein gammal konge som er dumog ikkje meir har vit til å høyra på åtvaring.

14. Ein som kom ut av fengselet,vart teken til konge,men enno medan han styrte,vart det fødd ein fattig gut.

Les hele kapitlet Forkynnaren 4