Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 3:10-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Eg såg det vonde strevetsom Gud har gjeve menneska.

11. Alt gjorde han vakkert, kvar ting til si tid.Ja, alle tider har han lagt i hjartet deira.Likevel kan ikkje mennesket fatta det Gud har gjortfrå den første tid til den siste.

12. Eg skjøna at ingen ting er betre for deienn å gleda seg og nyta det gode i livet.

13. For når eit menneske får eta og drikkaog har glede av alt han eig,er det òg ei gåve frå Gud.

14. Eg skjøna at alt Gud gjer,står gjennom alle tider.Ingen kan leggja noko til,og ingen kan trekkja noko frå.Gud har gjort det slikfor at menneska skal ha ærefrykt for han.

15. Det som hender, har hendt før,og det som skal henda, har òg hendt.Gud søkjer opp att det som kvarv.

Les hele kapitlet Forkynnaren 3