Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 12:6-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Ja, tenk på din skaparfør sølvsnora slitnar og gullskåla brest,før krukka går sund attmed kjeldaog hjulet brotnar og fell i brønnen,

7. når støvet vender attende til jordasom det støvet det var,og ånda går til Gud, som gav henne.

8. Fåfengt og forgjengeleg, seier Forkynnaren,ja, alt er forgjengeleg!

9. Forkynnaren var ikkje berre vis, han gav òg folket kunnskap. Han grunda og granska og laga mange ordtak.

10. Forkynnaren la vinn på å finna gode ord og vendingar og skreiv ned det som er rett og sant.

11. Ord av vismenn er som broddar,fyndord i samling er som naglarsette inn av ein gjetar.

12. Men elles, son min, ta deg i vare:Det er ingen ende på dei bøkene som blir skrivne,og mykje gransking gjer kroppen trøytt.

13. Dette er summen av alt du har høyrt:Ottast Gud og hald hans bod!Dette er det som alle menneske har fått.

Les hele kapitlet Forkynnaren 12